• Kristian Krokslett

#minkollega: Mari Askvik

Mari Askvik og jeg har stått på scenen sammen uttallige ganger i ulike ensembler, og i Cavalleria Rusticana i 2017 var hun min Lola. («Jeg drikker for din ære!»). Mari utstråler en trygghet og stabilitet i enhver setting, og går ikke av veien for å forlate komfortsonen sin om situasjonen skulle kreve det. Med varme og nærhet er hun vår tillitsvalgte i solistkoret, et verv hun utfører med moderlig omsorg.


På nettsiden hennes fortelles dette om Mari:

«Mari Askvik (1988) har ein master i opera frå Operahøgskolen i Oslo og ein bachelor i klassisk song og opera frå Operahøgskolen i Oslo, Norges Musikkhøgskole og Griegakademiet i Bergen. Ho har studert ved blant anna Svein Bjørkøy, Randi Stene og Turid Karlsen. Våren 2014 hadde ho si eksamensforestilling som Dorabella i Cosi fan tutte av Mozart på Den Norske Opera & Ballett.

Hennar engasjement i 2019 inkluderer Leçons de Ténèbres by Charpentier med tidlegmusikkollektivet L’État Libre de Neige i Sendesaal, Bremen, rolla som Hans i ein utandørsproduksjon av Hans og Grete av Humperdinck i Sandefjord, samt konsertrepertoar som Elijah av Mendelsohn, Mozart´s Requiem, Gloria av Vivaldi, Mattheuspasjonen, Himmelfarts-oratoriet og H-mollmessen av Bach – sistnevnte i Bergen Domkirke og Juleoratoriet av Bach i Nidarosdomen med Trondheim Symfoniorkester. ​ Sesongen 2017/ 2018 gjesta ho Theater Freiburg i soloforestillinga GENIA (Seppar/Dobewall), medan ho tok turen attende til Operaen i Kristiansund og RingsakerOperaen i rollene som Mercédès i Carmen av Bizet, Lola i Cavalleria Rusticana av Mascagni og 2. Heks i Dido og Aneas av Purcell. Sommaren 2017 var ho engasjert av Opera Østfold som 2.dame i Tryllefløyten av Mozart på Fredriksten Festning.

Ho har medverka i nyskrevne verk som Icarus av Evelin Seppar ved Conservatorium van Amsterdam (2014) og Ad Undas – Solaris Korrigert av Øyvind Mæland på Den Norske Opera & Ballett (2013). I november 2016 gjesta ho Masque Kammeropera i deira oppsetjing av Nouvelles Aventures av Ligeti.

Mari gjer solistpartier i oratorier og kyrkjemusikalske verk over heile landet, med eit repertoar som strekk seg frå barokken til samtidsmusikken. Ho gjer også jamnleg konsertar med innslag av norsk folkemusikk, og då spelsielt norske folketonesalmer. I februar 2019 slapp ho ein CD kalla Of Light And Dust (LAWO Classics) saman med Kammerkoret NOVA og dirigentane Yuval Weinberg og Tore Erik Mohn med blant anna dette repertoaret.



101 visninger

+47 940 53 060

©2020 by Kristian Krokslett. Proudly created with Wix.com